Småsamfunn
Et nettsted for norske småsamfunn
StartsideOm satsingenFølgeevaluering Nyheter Pilotene ForumBlogg

 

 

HORDALAND

”Bluesbygda Skånevik”
Prosjektet skal utvikle eksisterande bedrifter og etablera nye, slik at det blir tilbod om arbeid til alle som ønskjer det. I tillegg skal prosjektet vera med og gjera Skånevik til ein stad der det er godt å leva og bu ved å styrka sørvistilbodet og det eksisterande lag- og organisasjonslivet. Bluesfestivalen er eit viktig utgangspunkt for prosjektet.

”Småsamfunnssatsing i Ålvik”
Å få kunstnarar til å slå seg ned i Ålvik og Kvam, å laga ny kafè og bibliotek og å berga den gamle trallebana i Ålvik er hovudmåla i det tredelte småsamfunnsprosjektet.

"Folgefonnlandsbyen Jondal"/ "Naturpark" i Jondal kommune
Folgefonnlandsbyen er eit bygdemobiliseringsprosjekt med eit todelt siktemål.  Prosjektet skal utvikle Jondal til å verte endå meir triveleg og attraktiv som bustad for både born, unge, vaksne og eldre. For det andre skal prosjektet stimulere til vidareutvikling av næringsliv, reiseliv og infrastruktur knytt til Folgefonna. Jondal sentrum er Nasjonalparklandsby, og med 30 minuttars køyring frå Hardangerfjorden til Folgefonna, har reiselivet i Jondal eit stort verdi- og sysselsetjingspotensiale.

Rundt 100 innbyggarar deltar i 11 team som jobbar med ulike aktivitetar og satsingsfelt. Nokre team er reine trivselstiltak, som fotoklubb og landsbykor, medan andre team arbeider med reiselivs­utvikling, og utvikling av ein eigen Landsbymeny basert på lokale/regionale råvarer og oppskrifter. Metoden og verktøyet i prosjektet er coaching.
Sjå  www.folgefonnlandsbyen.no for meir info om prosjektet.

”LivOGlyst i Hordaland”
Hovudmålsettinga med LivOGlyst er å stimulere lokal utviklings- og attraksjonskraft i bygder og lokalsamfunn på ein systematisk og vedvarande måte. Prosjekta skal satse på ei kopling mellom bygdemobilisering for trivsel/bulyst og entreprenørskapsutvikling, og dei har unge kvinner og migrantar som særskilt viktige målgrupper.

 



Siste blogg: For snevert syn på tilflytting

Aust-Agder Buskerud Finnmark Hedmark Hordaland Sogn og Fjordane Møre og Romsdal Nordland Nord-Trøndelag Oppland Oslo Sør-Trøndelag Telemark Troms

Klikk på et fylke for å se piloter