NASJONALT
”Trivselsbygda”
Prosjektet har som målsetting å skapa attraktive bygdemiljø i Noreg. TrivselsBygda er eit samarbeidsprosjekt mellom Norges Bygdeungdomslag, Norges Bygdekvinnelag og 4H Norge. Prosjektet skal bidra til å auka trivselen for dei som bur på bygda og skape gode og attraktive bygdemiljø. Dette skal vera med og skapa bulyst og samfunnsengasjement.
”Slipp oss til – ungdommen inn i landbruket”
Slipp oss til – Ungdommen inn i landbruket er eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Norges Bygdeungdomslag og Natur og Ungdom. Prosjektet skal vera med og skapa auka busetting på bygdene med utgangspunkt i ledige gardsbruk og rekruttering til landbruket. Det viktigaste tiltaket er drifting av nettsida gardsbruk.no som er ei gratisteneste for marknadsføring av ledige gardar og småbruk.
”Føreropplæring i distriktene”
Samferdselsdepartamentet og Kommunal- og regionaldepartementet har starta opp eit prøveprosjekt om desentralisert føraropplæring i tilknytning til vidaregåande skular for ungdom som bur i distrikta. Seks skular er med i prosjektet. Målet med prosjektet er å betra trafikktryggleiken for ungdomsgruppene, redusera fråværet til elevane frå den ordinære undervisninga og å gjera føreropplæringa billegare og meir tilgjengeleg i distriktsområda.
”Feiring-regjeringa” (Akershus)
Målet med Feiring-regjeringa er at innbyggarane i Feiring skal få høve til å leve det gode liv, samt kjenne stoltheit, tilhøyrsle og identitet med bygda si. Prosjektet er organisert som ei regjering, og består av feiringministeren og fem fagministerar innan kultur, næring, nytenking, skule og oppvekst, samt PR.
Siste blogg: For snevert syn på tilflytting
|