Småsamfunn
Et nettsted for norske småsamfunn
StartsideOm satsingenFølgeevaluering Nyheter Pilotene ForumBlogg

 

 

SØR-TRØNDELAG

”Frøya inn i framtida” og ”Nettverk for Optimistbygder”
Alle gode krefter på Frøya skal samarbeida for å skapa lokalsamfunn med høg bukvalitet, eit levande kulturliv og eit utviklingsorientert næringsliv. Satsinga som har gått føre seg i 2005 og 2006 har fokusert på oppbygging av eit sterkt sentrum. Prosjektet er slått saman med eit prosjekt i nettverk for optimistbygder i Sør-Trøndelag. Begge prosjekta har eit tydeleg nedanfrå- og opp perspektiv. Det skal utviklast metodar og tiltak slik at folk i bygdene sjølve kan ta tak i eigne utfordringar.

"Flytthit"
Regionrådet for Fjellregionen startar nytt treårig ”Flytthit” – prosjekt. Prosjektet får nærare tre millionar kroner over tre år. Målet er å få unge familiar til å flytta til regionen. ”Flytthit” – er eit pilotprosjekt i et samarbeid mellom kommunane Røros, Tynset, Alvdal, Rendalen, Folldal, Os, Tolga og Holtålen. Målgruppa for prosjektet er alle som ser verdien av å flytta til ein av disse kommunane.

”Moderne buløysingar på bygda”
Korleis kan unge menneske tenka seg å bu på bygda? Denne utfordringa har 64 arkitektgrupper teke tak i gjennom ein arkitektkonkurranse i regi av Blilyst i Sør-Trøndelag. Arkitektur med kvalitet, estetisk gode omgjevnader og velfungerande bustader er viktig for å utvikla attraktive småsamfunn. Konkurransen vart vunnen av Lerche arkitekter AS, som fekk førstepris på 75.000 kroner for konseptløysinga ”Knekke koden” I tillegg vart det delt ut tre andrepremiar og gjort tre innkjøp. Alle dei premierte konkurransebidraga har vore på utstillingsturne i ein container i Blilystkommunane sommaren 2007. Eit av dei premierte prosjekta ”Høyt på strå” blir no bearbeidd, og Blilyst ønskjer å få det bygd i ein av kommunane.

 



Siste blogg: For snevert syn på tilflytting

Aust-Agder Buskerud Finnmark Hedmark Hordaland Sogn og Fjordane Møre og Romsdal Nordland Nord-Trøndelag Oppland Oslo Sør-Trøndelag Telemark Troms

Klikk på et fylke for å se piloter