TELEMARK
”Lårdal liv laga”
Hovudmålet med prosjektet er å auka folketalet gjennom å utvikla gode bu- og nærmiljøtiltak og å skapa trivnad for innbyggarane i Lårdal kommune. Kommunen og Lårdal vel får med seg både landbruk, reiseliv, kultur og næringsliv i kommunen i prosjektet.
”Bygdeutvikling i Tinn”
Eit prosjekt for stadutvikling og utvikling av identitet i to småbygder i Tinn kommune. Blant måla er å utvikla sentrum og utemiljøet i Austbygd i Tinn. Prosjektet skal også vera med og styrka næringar innan kultur, handverk og reiseliv. Prosjektet skal også marknadsføra Hovin i Tinn som ein god stad å bu.
”Hyttefolk i Tinn og Vinje”
Målsettinga med dette prosjektet er å undersøka og kartlegga den potensielle ressurs som hyttefolket kan vera for vertskommunane Tinn og Vinje. Korleis kan hytteeigarar integrerast i lokalt nærings- og kulturliv og vera med og gje kompetanse til utvikling av vertskommunen. Tanken er å utvikla samhandling mellom hyttefolk og fastbuande. Prosjektet tek sikte på å styrka og vidareutvikla det lokale nærings- og kulturliv. Les mer på pilotens eget nettsted.
”Småsamfunnssatsing i Kviteseid kommune”
Eit utviklingsprosjekt for å bygga opp eit IKT miljø i Kviteseid. Dette skal skje ved at det blir etablert nye verksemder i Finndalen IKT-senteret i kommunen.
"Øvre Verket - Ny næring på historisk grunn" i Nome i Telemark
Prosjektet består av fleire delprosjekt, blant anna investering i infrastruktur, inkludert etablering av ny etestad, profilering og tradisjonsretta aktivitetar og arrangementer, samt etablering av kultursti Øvre Verket - Telemarkskanalen.
”Øyfjell City”
Prognosane for elevtalet på skulen i Øyfjell såg dårlege ut. I kjølvatnet av eit foreldremøte på skulen vart det så kalla inn til eit bygdemøte om situasjonen. Prosjektet Øyfjell City vart fødd. Prosjekteigarane er velforeininga Øyfjell Utvikling som vart starta på 90-talet. Det finst seks arbeidande grupper i prosjektet. Kulturgruppa, trivsel og utmarksgruppa, Øyfjell galskap, tomtegruppa, arbeidsgruppa for hyttefolk og næringsgruppa.
”Morgedalsprosjektet ”
Målsettinga er å kunne gi ei konsentrert og spanande innføring i historia som starta i vesle Morgedal og som har spreidd seg mest til heile verda. Skisporten skal presenterast gjennom nyskapande historieforteljing i landskapet.
Siste blogg: For snevert syn på tilflytting
|